Fekk møta og øva med ein profesjonell perkusjonist.
Rustne Menn har starta haustsesongen med øving litt utanom det vanlege. I denne veka fekk nemleg gruppa møta og øva med den profesjonelle perkusjonisten Tor Bjarne Bjelland. Øvinga var på Halsnøy, heime hos Margun og Tor Bjelland, mor og far til Tor Bjarne. Bjelland, fødd og oppvaksen på Halsnøy, er musikar på heiltid. Han har utdanninga si frå jazzlina ved musikkhøgskulen i Trondheim.
Tor Bjarne Bjelland kan syna til mange oppdrag med ulike band i inn- og utland. Han har vore med i mange prosjekt, mellom i samarbeid med Rune Larsen, Tor Endresen og ikkje minst med Ylvis. I fem år turnerte han landet rundt med Ylvis brørne. Ikkje noko er for stort og for lite. I haust skal han ha oppdrag saman med Olav Stedje.
Tor Bjarne spelar i bandet Trucks. Dei har hatt konsertar i heile Europa. Artig er det å nemna at han var med i Lothepusbandet, med CD og konsertar frå nord til sør. Han er også fast teatermusikar, no sist på Den Nationale Scene i Bergen. Ved ferieslutt ventar øving og prøvar på musikalen Så som i himmelen.
I mange år har Tor Bjarne vore ein aktiv studiomusikar med produksjon av mange CD ar opp gjennom åra.
Bilete syner f.v: Hans Gertz, Kristian Bringedal, Tor Bjelland, Tor Bjarne Bjelland og Svein Rimestad.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat