
Fekk informasjon om tiltak og tilrettelegging for å bu heime når ein blir eldre.
Kvinnherad kommune skipa i går til informasjonsdag med stands om det å leggja til rette for å bu heime lengst mogeleg når ein blir eldre. Alle tenester, mellom anna frå helse, omsorg, brann/redning, frivillighet, fysio- og ergoterapi. heimesjukepleie og sonene var på plass. Av dei frammøtte var det i underkant av 10 personar frå Uskedalen.

Ordførar Vegard Bjørnevik sa fram helsing der han understreka kommunen sin rolle i å arbeida for ein god og trygg alderdom for alle. Varaleiar i Eldrerådet, Grethe Brundtland, fortalde om rådet sitt arbeid, særleg det som går på system, gode planar og tiltak.
Song- og musikkgruppa Rustne Menn hadde det musikalske innslaget.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal