I regi av Frivilligsentralen og Opne hus var det frammøte frå heile Kvinnherad på konsert i Varaldsøy kyrkje i går. Etter betasuppe, kaffi og kaker i bygdahuset gjekk turen til kommunen si største kyrkje. Uskedal Musikklag framførte eit variert allsongprogram med konsert. Den unike skipsklokka var med og trommis Kjell Borge Olsen imponerte med klikkertspel.

Konserten i Varaldsøy kyrkje samla mykje folk frå heile kommunen.

Varaldsøy kyrkje er eit perfekt konsertlokale. Den store og høgreiste kyrkja har god klang og er godt eigna til større forsamlingar. Kyrkja er ei langkyrkje bygd i tre og vigsla i november 1885. Kyrkja hadde heile 390 sitjeplassar då ho var bygd. Etter restaurering er talet sitjeplassar redusert til 330.

Mange tilreisande, som ikkje har vore i kyrkja før, legg merke til dei trekvite veggene og kyrkjebenkene. Det har ikkje alltid vore slik. Kyrkja vart målt innvendig fyrste gong i 1891, andre gong i 1937. Ved kyrkjevøla på 1970 talet kom ein fram til, etter tilråding frå målaren Johannes Rørvik, å ta bort all gamal måling.

Opne hus med ei rekkje arrangement er eit gratis tilbod med mål om å skapa sosiale møteplassar rundt i heile kommunen. Uskedalen har vore turmål tidlegare i år, med samlingar på Stemneplassen og på Kafe Tiaren i Gamleskulen.

Ikkje så lett å sjå at dette er klikkertspel. Fingane går som trommestikker.

Dersom Frivilligsentralen vert tilført statlege midlar, vil tilbodet halda fram i 2026.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Ingun Åkre/ Kristian Bringedal/ Gunnlaug Eik.