Aksjonsgruppa Nei til vindkraft i Kvinnherad ligg ikkje latsida. Dei tek heller ikkje ferie. I gruppa finn vi fleire aktive medlemer frå Uskedalen. I dag la dei inn gardsbesøk på Kjærland, hos bonden Hans Reidar. Kjærland har modernisert gardsdrifta med lausdrift og robotfjøs. Han har over fleire år rydda utmarka. På fjellet er han medeigar i fellesbeite tilhøyrande Kjærland og Rød, men også som ein del av sameiga Dønhaug/ Myklebust mot Vatnastøl og Botnane. Aksjonsgruppa, som kom til Kjærland i dag, fekk ei god drøfting med den miljøbevisste bonden om vindkraftindustrien og bakdelene om det i verste fall kjem vindturbinar i fjellet i Kvinnherad.

Diplomane for god dyrevelferd og mjølkeproduksjon heng på rekkje og rad.

Hans Reidar har 20 mjølkekyr, og mange ungdyr. På kontoret hans heng det diplomar på rekke og rad for kyr som hadde levert rekordhøge mjølkemengder på landsbasis. Dyra er reine og fine og har det godt. På Facebook skriv Nei til vindkraft i Kvinnherad at at dei hadde ei fin stund på garden, Dei utveksla nyttig kunnskap. Bonden på Kjærland og Aksjonsgruppa var samde om at det ber gale i veg når kua er utpeika til ein miljøversting. Bonden fekk Vestlandslefse og Aksjonsgruppa si mykje populære t-skjorte, til odel og eige.

Kyrne drivst og har det godt i floren på Kjærland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal - henta og redigert frå Facebook.
Foto: Annemor Ekeland