
Fasteaksjonen: Over kr. 20 000,- innsamla av konfirmantane og presten Kjetil. Truleg rekord.
Fasteaksjonen i regi av soknerådet i Uskedalen gav eit resultat på over kr. 20 000,-. Inntekta går til Kirkens Nødhjelp og føremålet reint vatn i fattige land. Nøyaktig resultat: Kontantar: kr. 9 565,-. VIPPS: kr. 11 240,-. Det kan koma inn meir på VIPPS i dagane framover. Sjølv om det vert brukt eit sentralt vippsnummer, kjem det tilbakemelding til vart sokn registrert på postnummer.


Innsamlinga i Uskedalen gjekk over to dagar, 8. og 9. april. Nytt i år var at sokneåresten Kjetil Kringlebotten valde å vera med på innsamlinga. Han hadde ruta Sentrum og Holmen.
Takk til alle som støtta konfirmantane i deira arbeid med Fasteaksjonen 2025.
Tekst/foto: Uskedal sokneråd Nett: Kristian Bringedal