Konfirmantane hjelper til med Fasteaksjonen, slik det er gjort før. Årets innsamling vert gjennomført både digitalt og ved å leggja informasjon i postkassane. Tema i år er Gje eit liv med vatn og innsamla midlar skal sikra menneske i naud tilgang til vatn, hygiene og gode sanitære løysingar.

Konfirmantane og Soknerådet i Uskedalen bed om di støtte. Saman kan vi skapa ei meir rettferdig framtid for dei mange som verkeleg treng det i ei vanskeleg tid.

Årets Fasteaksjon vert som sagt gjennomført både digitalt og delvis dør til dør aksjon. Det vert ikkje samla inn kontante pengar. Det er høve til å støtta aksjonen på VIPPS og ved overføring til konto. Informasjon vert delt ut eller lagt i postkassen.

Med berre 8 konfirmantar treng soknerådet hjelp med transport. Konfirmantane møter i kyrkja til eit måltid straks etter skuleslutt. Soknepresten og medlemer i soknerådet organiserer aksjonen.

Fasteaksjonen vert gjennomført i Uskedalen i dag.

Ta godt mot konfirmantane i dag, onsdag 10. mars, frå kl. 15 og utover ettermiddagen.

VIPPS nr.: 2426
Kontonummer: 1594 22 87493

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal