11 konfirmantar, 11 bøsser og gode hjelparar med skyssing gav eit resultat på kr. 9.786,- til årets Fasteaksjon. Husa i Skårhaug og frå Syne til Ljosnes fekk ikkje besøk, men det er ikkje for seint å støtta Kirkens Nødhjelp sin årlege aksjon for reint vatn i fattige land. Bruk VIPPS: 2426. Gåver betalt på VIPPS vert sortert på postnummer. Sluttsummen kjem difor fram på Uskedalen. Takk til alle for god støtte.

Uskedal Sokneråd