Den årlege Fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp og kyrkja vert gjennomført i dag frå kl. 17.00. Innsamligna går til tiltak for reint vatn i fattige land. Fasteaksjonen i fjor gav eit resultat i kontantar på kr. 11.190,-. I tillegg kom alle som brukte VIPPS eller betalte ved overføring på bankkonto. Bygda er delt inn i roder og konfirmantane går frå dør til dør. Det vert lagt ein lapp på døra til dei som ikkje er heime. Foreldre og andre fivillige hjelper til med transport.

Fasteaksjonen er eit årleg tiltak for konfirmantane.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal