
Fasteaksjonen 2023 - Ta godt imot konfirmantane i dag, tysdag frå kl. 17.00.
Den årlege Fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp og kyrkja vert gjennomført i dag frå kl. 17.00. Innsamligna går til tiltak for reint vatn i fattige land. Fasteaksjonen i fjor gav eit resultat i kontantar på kr. 11.190,-. I tillegg kom alle som brukte VIPPS eller betalte ved overføring på bankkonto. Bygda er delt inn i roder og konfirmantane går frå dør til dør. Det vert lagt ein lapp på døra til dei som ikkje er heime. Foreldre og andre fivillige hjelper til med transport.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal