Fastbuande og feriegjester kom for å lytta og vera med i allsongen.
Uskedal Musikklag hadde allsongen på Kafe Tiaren i går. Veteranbandet framførte eit sommarleg program med tekstar frå hefte Song- og musikkglede. Eit av høgdepunkta er songen Septemberstilla – eit minne om Lars Ljosnes, skriven av Olaf Agnar Gausvik til melodien Mull of Kintyre av Paul McCartney.

Eit anna høgdepunkt er innslaget med Kjell Borge Olsen på klikkertar. Kjell er ekte tjuagutt frå Laksevåg. Han vaks opp med klikkertar og lærte seg tidleg teknikken. Han er eit god formidlar og kan med andre ord meir enn å vera trommis i bandet.
Uskedal musikklag må vera det eine korpset i landet som ikkje tek sommarferie. Dei øver to gonger i veka heile året, uansett om det er ferie eller fridagar på kalendaren. Hausthalvåret er mest fullteikna med oppdrag.

Frammøte på Kafe Tiaren er på det beste når Musikklaget er med. Repetoaret er publikumsvenleg og med litt artige stunt når ein ut til ei brei lyttargruppe.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal