Mange takk til alle som har respondert så positivt på årets påskequiz. Her har det blitt lagt med mykje god hjerneaktivitet og samarbeid. Vi veit at søk på nettsida, blaing i bøkene “Den nære fortida”, ulike former samarbeid som familielag og vennelag har blitt brukt. Til og med det vanlege hjelpemiddelet “ring ein venn/eit søskenbarn” har blitt brukt for å løysa flest mogeleg av dei 70 oppgåvene. Nokre har også sagt at i år har dei lært noko nytt om bygda vår. Det er ekstra kjekt!
Svært kjekt er det og at mange frå andre bygder har delteke og har gjort det godt på quizen. Det var 12 som hadde mindre enn 10 feil. Det var Åse M. Neset, Jofrid A. Eik, Irene Fatland, Wenche Taranger, Oddny Elise Vivelid (Team Trivelivivelid), Møyfrid Kristoffersen, Øystein Enæs, Hanne Larsen, Edle Lomheim (Døssland Øvre, bruk 1), Rita Larsen, Karin & Kjell Tungesvik og Ellen Marie Myklebust. 6 av desse hadde mindre enn 10% feil og var med i trekninga om hovudpremien. Vinnaren vert publisert til slutt i innlegget, – etter fasiten.
Ein deltakar klarte kunststykket å finna rett svar på alle oppgåvene. Med eiga kløkt, godt utval av “Den nære fortida” og søk på Uskedalsida, og ikkje minst “ring eit søskenbarn” var det den ferske pensjonerte læraren Åse M. Neset som stod for denne prestasjonen.
Størst problem hadde deltakarane med å finna fram til den mest kjende musikaren som har vore fast medlem i Uskedal Musikklag. Bjørgulv Eik og Vegard Døssland var gjengangarar i svarbunken, også Nils Rainer Vågen var nemnt. Eg har stor respekt for alle desse, men dei må nok finna seg å komma i skuggen av slagverkaren Rune Solheim, Kaizers Orchestra, som var fast i musikklaget i tre sesongar først på 90-talet. Vegard har dessutan ikkje vore fast med i UML.
Meir overraskande var det at altfor mange bomma på den første, og kanskje viktigaste, dirigenten i “Røysterett for Alle”. Kristian O. Bringedal var ikkje berre første dirigenten, han steppa også inn ein periode seinare då koret var i dirigentkrise.
Her kjem fasiten, og som alltid er eg streng og nektar å ta mot protestar. Kun faktiske feil blir evt. retta. Etter fasiten blir det avslørt kven som er premiert.

Ordrebusar. Alle svara kan de få kjøpt på SPAR, og det kan vera ispedd litt bokmål.

  1. På Halsnøy + fuglelyd + fylle (Sjokolade)
  2. Marmor og malm + væske (Mineralvatn)
  3. Går omkring (Reker)
  4. Reiste + etterskrift (Drops)
  5. Klode + frukt + verktøy + drikk +stoff (Jordbærsyltetøy)
  6. Sterk skuldkjensle korv (Hardangerpølse)
  7. Led frukt (Lyspære)
  8. Munning + drikk + likt (Ostepop)
  9. Uttrykte doven (Salat)
  10. 1 av 32 (vaksen) på bløtekaka (Tannkrem)
  11. Uthaldande skiløparar (to svar) (Seigemunn og seigedamer)
  12. Fleire føde (Tomat)

Ord og uttrykk. Skriv det rette svaret. (X = rett)

  1.  Mushomla

X Nyttig insekt

Kornprodukt som blir brukt som råstoff til ølbrygging

Dame som er lett på tråden

  1. Å bia

Å mata insekt

X Å venta

Å svinga 90 grader

  1. Å spika

X Å knusa

Å spekulera

Å forska

  1. Småtto.

X Gylfen/smekken i bukse

Dyrefelle

Lokal regnbyge

  1. Sula

Ei dame som snur døgnet

X Noko ein viklar hesjastreng på

Ein propell

  1. Rolpa

X Å tulla og tøysa

Å slappa av på sofaen

Ei lita hytte der ein kan slappa av.

  1. Hamla

Å pynta

Å rydda

X Å ro baklengs

  • Skinnvengje

X Flaggermus

Skjetatrast

Fallskjerm/hangglider

  • Stump

X Brød

Konsonantar vi ikkje uttalar

Hund som ikkje kan bjeffa

  • Kluks/kluksa

X Høne som vil ruga på egga

Dårleg å triksa med ball
Klok, ung jente

  • Ein klyppar

Spesialdesignar

X Ein dugande kar

Spesiell hammar

«Den nære fortida» og anna bygdestoff.

  • Han køyrde melkebilen til Arne på Sanen fast i ca. 3 år.

Olav Guddal

Harald Nilsen

X Leif Matre.

  • Denne skulestyraren (rektoren) på Uskedal skule var lærar på skulen på Skorpo før han tok lærarutdanning.

X Gunnar Ulvenes.

Jørgen Tunold

Jon Holte

  • Ho er nyvald leiar i fotballgruppa i Uskedal Idrettslag.

Ingebjørg Haugland

Tina Skår

X Kristine Tveit

  • Han har lengst tid med dirigentpinnen i Uskedal Skulemusikk.

Sigurd Wang

Bård Ljosnes

X Tor Skeie Olsen

  • Hjørdis Nilsen Holgersen hadde mange søsken. Kor mange eldre søsken hadde ho?

5 eldre søsken

X 6 eldre søsken

7 eldre søsken

  • Den første firhjulstraktoren kom til Uskedalen i dette året.

1949

1950

X 1951

  • Strandstafetten var eit stort arrangement i Uskedalen kvar 1.mai i mange år. Desse to kan kallast «foreldra» til dette storarrangementet.

Torfinn Myklebust og Harald Sunde

X Torfinn Myklebust og Birger Myklebust

Åshild og Knut Sjøwall

Ordrebus. Ting til arbeid, hobby og fritid. Skriv svara.

  1. gruppe pose (kornett)
  2. byteopnar (skiftenøkkel)
  3. blinktau (målband)
  4. 90 grader gnir (vinkelsliper)
  5. sving på sving 1400 (slalomski)
  6. maskinskjer (motorsag)
  7. stjernelorgnett (solbrille)
  8. eldskalle (bålpanne)
  9. katteskratteleik (puslespel)
  10. Ola kutta (Hanskar)

Ord og uttrykk. Skriv det rette svaret.

Stuttorv

  • Ungokse
  • X Liten ljå
  • Kortvaksen kar
  • Klovna
  • X Rivna/flakna
  • Skjera klauvene på kyr
  • Sko hesten
  • Slumra
  • Jogga roleg
  • Vera smart/slu
  • X Sova lett
  • Stribukk
  • Hanrein
  • X Sta kar
  • Spelsauver
  • Gula
  • X Spak vind
  • Fargerik solnedgong
  • Kunstform
  • «Å selja flesk»
  • Gylfen på buksa er open.
  • X Underskjørtet er nedanfor kjolen/skjørtet
  • Skjorta er utanpå buksa.
  • Å smudla
  • X Å flira
  • Å blanda mjølk og mjøl
  • Å setja teiner på grunt vatn.
  • Balstyren
  • Interessert i fotball og andre ballspel
  • X Vill
  • Fotballtrenar
  • Beinved
  • God sløydmaterial
  • Ask
  • X Kristorn

«Den nære fortida» og anna bygdestoff.

  • Han kan utvilsamt kallast «far» til Uskedalsdagane som starta i 1976.
  • X Kåre J. Guddal.
  • Harald Sunde.
  • Ivar B. Arnesen.
  • Første dirigenten i «Røysterett for Alle» var:
  • Anne Karin Johnsen
  • Sigurd Wang
  • X Kristian Olav Bringedal
  • På tomta der Helmer Sætre bygde bustadhus med bakeri (Gros Blomster) skulle det etter planen byggjast:
  • X Bedehus.
  • Ungdomshus
  • Ny skule
  • Huset der Lises Brukt er i dag, heitte opprinneleg:
  • X Samhald
  • Grannesalen
  • Losje «Uskedølen»
  • Denne dama baud Bjørgulv Eik opp til dans første gongen han var på Skotårsfest:
  • Liso på Musland
  • X Mossen på Kjerland
  • Britto på Feet.
  • Dette året blei Kjersti og Gunn Mari ein eigarduo av Spar Uskedalen:og Gunn Mari
  • 2018
  • 2019
  • X 2020
  • Etter skuleåret 1948/49 var det berre ein elev igjen som budde på Skorpo, og den måtte begynna på skulen i Uskedalen. Det var:
  • X Martha Bakke.
  • Johannes Hauge
  • Olav Skorpen
  • Nyvald leiar i Uskedal Utvikling er:
  • X Gunn Mari Moberg
  • Remi Andrè Onarheim
  • Eva Reime Ljosnes
  • I Uskedalen var det mange kverner der dei mol korn til mjøl. Kor stod kverna som no er på Bygdetunet på Rød?
  • Ved Tverrelvo
  • X Ved Kvednabekkjen på Døssland
  • Ved Børsdalselvo

Unge talent og litt eldre…… Skriv svaret.

  • Denne unge flinke musikaren frå Uskedalen har no fast plass som solokornettist i Rosendal Musikklag. Kva er namnet. (Ebba Hermann Fossli)
  • Den utflytta uskedelingen Jørgen Moberg jobbar i eit kjent firma der han også har vore avbilda i fleire reklamekatalogar.  Namn på firmaet. (Bondekompaniet)
  • Denne musikaren, som framleis er aktiv musikar, er den mest kjende som nokon gong har vore fast medlem i Uskedal Musikklag. Namn på musikaren. (Rune Solheim i Kaizers Orchestra)
  • Naturvernar og multitalent innan kunst med ulike uttrykksformer som lagar dei finaste fuglekassar. Skriv namnet. (Sindre Aksnes)
  • Desse to kunstnarane hadde for ganske nøyaktig eitt år sidan ei fantastisk kunstutstilling i Gamleskulen. Skriv namna på dei to. (Gaute Haugland og Kjell Musland)
  • Han skriv bok om utvandringa frå Uskedalen til Amerika. Boka kjem etter planen ut i 2025. Skriv namnet på forfattaren. (Torkel Stensletten)
  • Uskedalen har ein aktivist, busett i Bergen, som har markert seg spesielt mykje mot vindkraft. Skriv namnet. (Astrid Døssland)
  • Den nytilsette arbeidsleiaren ved Retro Brukthandel bur i Uskedalen. Skriv namnet. (Enny-Helen Bendiksen)
  • Starta som campingvert som 12 åring, tok seinare høgskuleutdanning til glede for mange uskedelingar og er no relativt nyslått og naturglad pensjonist. (Åse M. Neset)
  • Denne utflytta uskedelingen er den mest meritterte fotballspelaren frå bygda.  Landslagsspelar, har spela på same lag som fotballpresident Lise Klavenes, og var toppskorar i toppserien i 2003 med 15 mål, det same som Solveig Gulbrandsen og Marianne Pettersen. Har du namnet? (Bente Haveland (Musland)
  • Namnet på professor som voks opp i Uskedalen og er spesialist på m.a. Midt- Austen. (Cesilie Hellestveit)
  • Namnet på uskedeling som er kjend frå m.a. Hotel Cæsar, Skal vi danse, Starworks og Beat for Beat. (Tore Sergei Myklebust)
Vigdis Haugland stod for trekkinga og Møyfrid Kristoffersen var den heldige som hadde namnet sitt på lappen.

Den heldige og dyktige som blei trekt ut som vinnar av det store påskeegget var: Møyfrid Kristoffersen. Ho kan henta premien på SPAR Uskedalen

Tusen takk for innsatsen alle saman!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland