Det årlege leppefiske er i full gang og Jostein Legland er på plass med båt og teiner i område rundt Skorpo. Med seg har han sonen Johannes. Det er eit intenst fiske den tida det pågår. Legland leverer til oppdrettsnæringa og prisen er god. Bergnebb, grøngylte og berggylte vert definert som leppefisk. Leppefiske vert brukt for å fjerna lakselus i merdane.

Uskedalen.no møtte Johannes og Jostein ved Jektholmen på Skorpo i går. Jostein styrer båten, dreg og set teiner. Johannes sorterer og måler fisken. Dei som held måla går i tanken, resten går tilbake på sjøen. Teinene er bundne saman i lekkjer og merkte med blåse. Teinene ligg mellom tang og tare på rundt tre meters djupne.

I fjor vart det køyrt eit ungdomsprosjekt på leppefiske, mellom anna på Espevær på Bømlo. Ungdom i alderen 12 til 25 år fekk høve til å delta i ulike former for fiske. Målet var å rekruttera fleire unge til fiskaryrke.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal