Motorsagene går mange plasser i bygda, mellom anna på Haugland og på øvre Fet. På bruk 2 på øvre Fet tek grunneigar ut ved tett ved vegen og bak løa. På Haugland er det noko legre veg fram til hogstplassen, øvst i Hauglandslia ovom velteplassen på Vårstøl. Johannes og Lars er drivarane. Lars sagar og feller, Johannes samlar opp og køyrer fram til snuplassen. Ein reknar med å ta ut 30 mål ved, om lag det same som i fjor.

Ein må tenkja sikkerhet når ein jobbar på skogsvegar høgt oppe i lia.

Johannes fortel at ein må bruka dei gode dagane med rett ver og temperatur. Sjølv om ein har kjettingar på traktoren, må ein vera varsam i arbeidet med vinsjing og køyring i den bratte lia. Med fint ver og temperatur rundt 0 grader har det vore fine dagar på skogen.

Mykje fin ved er klar for uttak lengre opp i lia, men for å sikra ei effektiv drift, må det lagast nokre hundre meter til med skogsveg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal