Folk i alle aldrar strøymde til!

I ettermiddag og kveld har det vore særs stor aktivitet på festivaljordet på Dønhaug. Folk i alle aldrar strøymde til den faste hesjedugnaden, og vi kan trygt sei at arbeidet gjekk med liv og lyst. Stemningen var særdeles god slik det blir når dugnadssamarbeidet går på tvers av aldergruppene. Her var dei yngste berre få år medan dei eldste var nær 80. Eg trur alle hadde det like kjekt!!
Arbeidet gjekk effektivt unna, og no begynner arenaen verkeleg å ta form. Det kjem til å bli eit særdeles flott område som tar mot Festidalen-publikummet også i år.
Hesjedugnadsøkta blei avslutta med herlege lappar, som Kjellaug Hella Myklebust steikte, og saft og kaffi. Underteikna klarte dessverre ikkje telja kor mange som var med, men eg let bilda nedanfor tala for seg.
Parallelt med hesjedugnaden var mange andre i sving med anna dugnadsarbeid.
Les også om dei flinke ungdommane.

Tidleg på ettermiddagen møttest 8 mann frå dugnadsgruppa(seniorgruppa) og henta gras til bruk i pyntinga frå Haugland. Pål Haugland hadde tidlegare slått det, og her rakar Leif Magne Framnes og Lars Myklebust saman.
Ove Myhre og Audun Eik lesser på medan Pål Haugland kjører traktoren.
Flinke ungdommar ber gras som skal brukast til bygging og pynting av inngangsporten.
Arbeidet på inngangsporten er i gong.
Martine og Veslemøy klatrar og pyntar!
Den yngre garde representert ved Andrea, Johanne og Nora. Alle borna var både ivrige, blide og flinke!!
Det var aktivitet utover heile jordet!
Kjell Harald Tungesvik gjekk med “sulo” medan Jostein Grov stramde strengen.
Mange bar gras og hesja!
Ein super hesje-gjeng!! Guuu kor gøy!
Effektivt!! Den yngre garde transporterte graset i presenning.
Traktoren var òg til veldig god hjelp!
Det mangla ikkje på moderne transportmiddel!
Mange kjekke oppgåver på dugnad. Bjarne Lilleås syntes at dette var ekstra GØY!
Etter godt utført arbeid fekk dugnadsfolket velfortent saft, kaffi og lappar. Her ser vi Kjellaug Hella Myklebust i sving med å steika hundrevis av knallgode lappar!!!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland