Fire tidlegare elevar frå Haugland og Musland fann pultane sine i går og delte gode skuleminne frå tida på Haugland skule frå slutten på 1950 talet og fram til skulen vart nedlagt i 1966. Den eldste av dei, Anders Kristoffersen, har den siste tida hatt glede av å syna barnebarna plassen og fortalt om skueåra på Haugland. Den yngste, Solbjørg Musland ( f. Haugland ) fekk faktisk vera med på skulen før ho var 7 år. I dag snakkar alle om Førskule. Solbjørg fekk oppleva førskule lenge før omgrepet kom i bruk i modern tid. Les meir om kva Einar Musland og Kjell Magne Haugland også opplevde på krinsskulen.

Alle hadde Sigurd Haugland i skulen. Han kom frå Tufta og Tråvik skule i Ølve til Haugland. Han var den siste læraren fram til han flytta saman med elevane sine ned til nyeskulen i sentrum. Einar Musland minnest ein gong der var storm og eit ufysleg ver. Sigurd passa på. På heimeveg tok han Einar og Kåre Kristoffersen inn i ein stor regnfrakk og fylgde dei heim.

Kjell Magne Haugland budde på nabobruket. Når han såg at det rauk av pipa, tok han skuleveska fram og gjekk sør til skulen. Larsa Sigurd var ofte med ute i leiken. Ofte gjekk ballen gjennom ruta. Ja, det var mykje ruteknusing og nye glas stod klar for innsetjing og kitting.

Alle er samde om at dei hadde gode år på Haugland skule. Det vart ikkje så mykje engelsk, men elles stod dei ikkje tilbake med den kunnskapen dei fekk i skulestova.

I neste årbok, Den nære fortida, kjem det artiklar med skuleminne frå Skorpo og frå skulane i Uskedalen og på Haugland.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal