Forrige mandag starta den kjekke og populære familietrimmen opp att etter sommaren. Såleis var det klart for kveld nummer to i kveld då desse treningane er kvar mandag frå kl.17.30 til den nærmar seg 19. Denne treningsaktiviteten har no vore på programmet i nokre år, og her trimmar barn som nærmar seg skulealder og oppover saman med foreldregenerasjonen. Dette sampelet, mellom vaksne og barn, ser ut til å vera kjempegøy. For meg såg det ut som om absolutt alle kosa seg.

Full fart i leiken!

I år er det Marianne og Per Korsvold og Anne og Knut Olav Myklebust som leiar denne treningsgruppa. Før dei starta opp, kunne leiarane fortelja at dei hadde ei tredelt økt på nærmare halvannan time. Først på programmet var det alltid oppvarming med leikar, og deretter var det ei styrketreningsøkt. Alle kunne tilpassa beslastninga til sine behov, og i denne delen var det derfor nokre som nytta seg av styrketreningsrommet. Avslutninga er alltid eit ballspel, og Per Korsvold kunne fortelja at sist hadde dei hatt fotball. Då spela barna mot foreldra, og kven trur de vann? Sjølvsagt blei den yngre garde sterkast og drog sigeren i land. Ein populær siger!!

Familietrim er GØY!!

Dagens økt starta med den populære leiken “Haien kommer”, der Anne var “haien” og dei fire forskjellige fiskeslaga hadde friplassane sine i dei fire hjørna. Her var det full fart frå første sekund. Skikkeleg gøy såg det ut, men dessverre måtte bladfyken hasta vidare til eit anna møte.

Truleg blir det endå fleire på den populære familietrimmen når alle fotballaga får pause. Einaste kravet som må oppfyllast for å få vera med på denne glade stunda, er at ein har betalt medlemskontigent i idrettslaget. Då får ein også dei andre fordelene som det medfører.

Viss nokon har spørsmål vedkommande familietrimmen, så er det berre å ta kontakt med ein av leiarane, Anne og Knut Olav, Marianne og Per.

“Haien kommer!”
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland