Barnekoret Singing Tweens saman med elevar frå Husnes sundagsskule og Rosendal barnekor vil vera med Bjarte Leithaug i framføringa av barnesongar laurdag 6. november kl. 17.00 i Uskedale kyrkje. I forkant, frå kl. 14.30, er det øving. Dette er eit gratis tilbod for born på barnesteget, fødde i 2015 og tidlegare. Alle kan vera med på konserten, men det er viktig at ein møter til øving. Frukt og pizza er medrekna. Meld frå til Nelly Kjærland på mobil 950 82 320 innan 3. november, dette fordi ein skal bestilla inn mat.

Bjarte Leithaug har vore i Kvinnherad mange gonger med korsong og konsert for born og ungdom.


Nelly Kjærland fortel til uskedalen.no at ho lenge har hatt ein draum å få til ein konsert med Bjarte Leithaug. Målet er mellom anna å få fleire med i Singing Tweens og at ein med samarbeid kan få eit inkluderande songmiljø. Tre jenter frå Husnes sundagsskule er solistar. Dei har vore med på tre øvingar i forkant av konserten. Alle sundagsskulane i Kvinnherad er inviterte til å vera med i prosjektet. 

Det vert informert om sundagsskulen sitt misjonsprosjekt. Det er høve til å gje ei gåve ved utgangen til det same føremålet. VIPPS: 131504.

Tekst/foto: Redigert frå pressemelding
Nett: Kristian Bringedal