Å gå julebukk er ein tradisjon vi kjenner like tilbake til mellomalderen der folk kledde seg ut som ein trugande person som skremde borna. I vår tid er å gå julebukk langt meir morosam og underhaldande. Julebukktradisjonen i dag er at born kler seg ut, går frå hus til hus for å få godteri i posen. Som takk syng dei ofte ein julesong. Dei to siste åra har det vore langt færre julebukkar. Årsaka er truleg pandemien og at foreldra set grenser for aktiviteten.

Julebukkane på øvre Musland.

I media har det i år vore sprikande og uklare signal om det å gå julebukk. På Facebook registrerer vi ulike synspunkt frå kommune til kommune, Kommunelegen i Ullensvang opna opp for julebukkane. I Kvinnherad vart det heller ikkje sagt nei. I Fitjar seier foreldreutvalet på skulen at det må vera noko foreldra avgjer.

Uskedalen.no kjenner til at det var julebukkar på dørane på øvre Musland, på Neset og i Korsnes.

Kor som er: Det var gildt å få julebukkane på døra. Tradisjonen overlever og julebukkane er sikkert tilbake i si fulle breidde til neste år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Møyfrid Kristoffersen