Det går mot ei tid der der inneaktivitetar dominerer. Det er derfor kjekt når nye aktivitetar dukkar opp. Vidar Haugland er villeg til å ta initiativ til ein bridgeklubb i Uskedalen. Han ser for seg at ein kan møtast til speling ein gong i veka. Han håpar at det er interesse for dette, og han ber dei som er interessert om å ta kontakt med han. Han kan kontaktast på telefon 488 91 464 med sms eller samtale innan fredag 22. september. Vidar fortel at ikkje noko er bestemt enno, men han ser for seg at det hadde vore kjekt om det var såpass stor interesse at dei kanskje kunne møtast i Gamleskulen, oppe eller i kjellaren som no er godt tilrettelagt.
Då er det berre å håpa at interessa for dette gode initiativet er til stades, slik at vi får ein god ny haust- og vinteraktivitet i Uskedalen. Ta kontakt med Vidar.
Dette er ein aktivitet som passar godt både for unge og eldre.

tid.