Eplehausten på Steinsletto har vore særdeles god i år, og i dag kan vi få kjøpa rimeleg kvalitetsfrukt ved Grano i Uskedalen. Eple frå Steinsletto stiller i dag med dei smakfulle tidlegsortane Discovery og Prins. Prisen er 160 kroner for ein kasse med førstesortering og 130 for andre sortering. Dei melder at det blir ståande fram til om lag klokka 14.

Eple frå Steinsletto tar også opp bestilling på sortane som er modne litt seinare mellom anna Aroma. Derfor kan det vera lurt å bestilla seg smakfulle, gode, norske eple til jul allereie no.
Vi kan også følgja epleprodusentane på facebooksida Eple frå Steinsletto.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Eple frå Steinsletto