Enny-Helen Bendiksen frå Uskedalen - ny arbeidsleiar på Retro Brukthandel på Husnes.
Enny-Helen Bendiksen, busett på Rød i Uskedalen, er tilsett som ny arbeidsleiar for Retro Brukthandel og Cafe på Husnes. Brukthandelen ved Hellandsbrua er ei avdeling av Kvinnherad Vekstbedrift. Enny- Helen har for tida morspermisjon. Ho tek til i den nye jobben i april månad. Bendiksen er utdanna førskulelærar med etterutdanning i spesialpedagogikk. Ho har den siste tida vore miljøterapeut ved Herøysundet Kompetansesenter.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kvinnheringen