Kyrkja kan igjen ynskja velkomen til gudstenester. Etter at vi den siste tida har hatt eit regelverk som avgrensar tal deltakarar til 10 på gudstenester og 50 i gravferder kom det fredag melding om at den nasjonale forskrifta no sette det maksimale talet for deltakarar på arrangement til 100. Føresetnaden er då at deltakarane får ein fast tilvist plass. Dette maksismale talet må sjåast i samanheng med avstandsreglar. I praksis er det vanskeleg å få plass til 100 i nokon av våre kyrkjer, men talet vert sjølvsagt betydeleg høgare enn 10.

Slik forskrifta er no, gir det oss igjen muligheit til å feira gudstenester tilnærma som i ein normal situasjon. Vi gler oss til å ynskja velkomen til vanlege gudstenester frå komande søndag.

Kyrkja skal syta for at smittevern vert ivareteke og dei som kjem til gudtenestene vil få ein skvett handsprit og tilvist plass. Det er framleis tilrådd å avlysa eller utsetja arrangement som samlar personar frå fleire kommunar. Unntatt frå dette er gravferder/bisetjingar.

Alle som kjem på gudstenester skal framleis registrerast med namn og telefon, dette på grunna av evt. smittesporing. Ha gjerne med ein lapp der du har skrive ned namn og nummer som kan leverast ved inngangen. Det vil letta arbeidet med registreringa og ein unngår kødanning ved inngangen.

Uskedalen: Med meterregelen og merka plassar vil talet i Uskedal kyrkje vera rundt 50. Neste gudsteneste med soknemøte etterpå sundag 7. mars.

Tekst: Pressemelding
Foto/nett: Einar Gjertsen/ Kristian Bringedal