I dag vart det lagt asfalt på den kommunale plassen ved Gamleskulen. NCC, som har rammeavtale med Kvinnherad kommune, stod for utlegginga. Alt utstyret med arbeidsfolka kom frå Bergen. Asfalten vart tilkøyrt frå Etne. Uskedalen.no snakka med arbeidsleiaren. Han var godt nøgd med framdrifta av arbeidet i dag. Parkerte bilar var fjerna og alle retta seg etter skilting for ferdsel i tida asfalteringa pågjekk. Det aktuelle arealet var i underkant av 1000 rutemeter. Dermed er det nokre parti som ikkje er med denne gongen. Det har lenge vore ynskje om merking som syner kor parkerte bilar skal stå. Merkinga bør også omfatta vegen over plassen til nedkøyrsla til kyrkja og campingen. Uskedalen.no er ikkje kjend med om slik merking er tenkt i denne omgang.

Ny asfalt, men plasen burde vore oppmålt og merka.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal