Ein skulle tru at folk var sveltefora på konsertar og anna form for kultur i desse tider, men det såg ikkje slik ut då det endeleg blei invitert til Sommarkonsert i Kvinnherad kyrkje fredag. Berre 10 publikummarar møtte opp, og mest alle kom frå nabobygdene. Vi registrerte berre ein med postadresse Rosendal, og det er skuffande på ein konsert med godt og variert program. Det kan sjå ut som om det vil krevja ein del å få i gang att deler av kulturlivet etter nedstenginga.

Trass i dette hadde både publikum og aktørane ei god stund i Kvinnherad kyrkje den gode timen som konserten varte. Aslaug Hellesøy i kvartetten ÆRE sa det så treffande før siste avdeling:
– Tusen takk for at de kom, de 10 som er her. Det er så kjekt å synge for publikum igjen og få applaus, etter at vi berre har sunge til eit kamera i lang tid.
Saman med ÆRE stod også gruppa Rustne Menn og kantor Eva Megyesi på programmet.

Ustoppelege og særdeles dyktige Eva Megyesi var aktiv både som orgelsolist og i kvartetten ÆRE.

Eva Megyesi opna med to stykke på orgel, mellom anna Henning Sommero sin velkjende og vakre “Vårsøg”. Eva spela til saman 6 nummer med stor spennvidde i karakter og musikksjanger fordelt på 3 avdelingar. Alt blei meisterleg framført slik det alltid blir gjort av den kjære og dyktige kantoren vår!

Eva er også sentral i kvartetten ÆRE, både som leiar og sopran. Ho har med seg Aslaug Hellesøy(alt), Kristian Olav Bringedal(tenor) og Svein Rimestad(bass). Kvartetten har øvd godt i periodar i koronatida, og dei har bidrege i mange digitale gudtenester og kyrkjelege samanhengar. Dei song fem nummer. Vi fekk høyra kjende salmar som “Deg være ære” og “Kjærlighet er lysets kilde” vakkert framført, men høgdepunktet for underteikna var Nattverdsongen frå den nicaraguanske messa Misa Campesina av Carlos Mejia Godoy. Ekstra kjekt var det å høyra denne latinamerikanske musikken sidan vi veit at det var Reidar Myklebust som fekk tak i notane frå Sauda den gongen han song i kyrkjekoret Nordsang. Han hadde sunge den med Rødt kor i Tromsø og hadde lyst til å få til ei oppsetjing i Kvinnherad med kor og orkester. I kveld fekk vi altså ein smakebit. Eva antyda at det var muligheter til at vi kunne få høyra heile messa. Kanskje til neste år? sa ho. Det hadde verkeleg vore kjekt!!

Kvartetten ÆRE har vore aktive i store deler av koronaperioden og har bidrege digitalt i mange kyrkjelege samanhengar.

Tredje aktør var altså Rustne Menn(bildet øvst). Dei tre karane, Tore Nordal Pedersen(bass og song), Svein Rimestad(gitar og song) og Kristian Bringedal(trekkspel og song) har også øvd ein gong i veka store deler av koronaperioden. Dei tre har ikkje problem med å halda avstand. Det høyrdest at dei har bruka tida godt. Dei har ikkje berre mykje nytt på repertoaret, men dei har også utvikla arrangementa på det dei framførte. Særleg er sangarrangementa blitt meir avanserte. At alle tre vekslar på å synge og at dei ofte syng fleirstemt på refrenga, skaper variasjon. Dei starta med velkjende “Kom sommarvinj” før dei introduserte “Kongens shilling”, ein flott og iøyrefallande skotsk song som Svein Rimestad har omsett til nynorsk. Etter det fekk vi spenstige framføringar av John Denver-klassikaren “Take me home, Country roads” og Reidar Brendeland sin “Venta på meg”.

Det var ein forfriskande kyrkjekonsert! Slikt er for godt til å gå glipp av så ved neste anledning fortener dei dyktige aktørane eit heilt anna frammøte!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland