Det tok si tid, men i går kveld kom artisten Ole Bergesen til Verthuset Perla med framsyning av Ferjebillettøren og andre morosame revyinnslag. Ole Bergesen er og har vore primus motor i Fitjarrevyen. Framsyninga på over ein time i Uskedalen var saman med Arne Torget i ny engelsk dress, kjøpt på nettet til ein pris Torget trudde var 2000 norske kroner. Nei, det var 2000 pund. Arne deklamerte eigne dikt henta frå aktuelle hendingar i livet hans og frå lokalmiljøet. Arne Torget er idrettsmann. Den personlege rekorden i stille høgde er sett i gymsalen i Uskedalen. Opninga der nokre av dei frammøttte gjestene i salen vart presentert på ein morosam måte, fekk ei fin mottaking. Tekstane om katten slår godt an. Det handlar mellom anna om Pus og brillene, pus og snøfresaren og pus og spikerpistolen. Eit anna dikt med tittelen Hyttefolk – drit og dra er aktuelt i desse påsketider.

Meir enn 70 gjester fekk oppleva duoen Arne Torget og Ole Bergesen på Vertshudet Perla palmelaurdag.

Ole Bergesen tek oss med på Ikea, ein monolog der publikum får vera med i allsongen. I framføringa om den suverene fotballdommaren, får vi verkeleg sjå kva eigenskapar Ole Bergesen har som revyartist. Playboyen frå Fitjar med tenna på tørk er alltid like god. Her finn vi alt som særkjenner revy som mimikk, fakter, viser, folkelege tekstar henta frå det vi til vanleg identifiserer oss med, ofte med lokal bakgrunn.

Ole Bergesen i ei glitrande framføring av sketsjen Fotballdommaren.

Tore Nordahl-Pedersen song og spelte opp til dans etter revyinnslaga. Rustne Menn hjelpte til med allsongen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal