Etter smitte og nedstenging er det no opna opp for Syng med oss og andre song- og musikkprogram på sjukeheimane. Det er fleire aktørar frå Uskedalen som på frivillig basis er aktive på denne fronten. Det gjeld fyrst og fremst Uskedal Musikklag og Fire Rustne Menn. Uskedal helselag er med på Rosendalstunet med heimebakst.

Her kjem ein oversikt frå det vi veit om så langt:

  • Onsdag 18. mars kl. 16.30: Fire Rustne Menn – Syng med oss på Optimisten, Halsnøy,,
  • Tysdag 31. mars kl. 16.30: Uskedal Musikklag – Syng med oss på Rosendalstunet
  • Onsdag 24. april kl. 16.30: Uskedal Musikklag . Syng med oss på Husnestunet
Fire Rustne Menn har til vanleg ei framføring i halvåret på kvar av institusjonane.

Allsong på Kafe Tiaren i Uskedalen kjem i tillegg.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto