11 år gamle Emil Ekornrød Sætre har verkeleg teke Kong Harald sine ord i nyttårstalen om å hjelpa andre som treng det, på alvor og gjer noko med det. Eller rettare sagt; – Emil var vel Kong Harald i forkjøpet. Frå januar til og med juli i fjor hadde Emil ein panteaksjon der han samla inn heile 106.000 kroner til den viktige barnekreftsaka. Denne flinke og omsorgsfulle guten bur i Austrheim kommune, men han har sterke band til Uskedalen og har vore på mange besøk her. Han er son til Uskedalsjenta Mette Ekornrød, og mormora Liv Astrid Myhre bur på Steinsletto saman med Trond Fossehaug. Frå nyttår starta Emil ein ny panteaksjon etter same mønster som suksessen i fjor.

Emil leverte brev til ordførar Per Lerøy i Austrheim kommune og fekk støtte på ståande flekken.

Emil Ekornrød Sætre har organisert panteaksjonen heime i Austrheim med å plassera ut dunk for tomflasker/tomboksar. Denne tømer han med jamne mellomrom for å panta tomgodset. Dei som pantar flaskene/boksane sine sjølv kan enten vippsa beløpet, eller dei kan levera pantelappen inn på servicekontoret i kommunen så hentar han pantelappane der. Emil har nemleg fått ordførar Per Lerøy med på laget.
“Eg sa ja på ståande flekken. Dette er noko eg verkeleg vil vera med på, og eg håpar mange andre og vil støtta panteaksjonen til Emil”, skriv mellom anna ordføraren i eit støttebrev om då Emil kom på kontoret hans med brev om aksjonen sin.

Det er ikkje berre dei som bur i nærleiken av pantedunkane i Austrheim, som kan støtta opp om dette fantatiske tiltaket. Det kan vi kvinnheringar også gjera veldig enkelt. Både privatpersonar og firma kan senda si støtte. Vi kan gjera det på to – tre måtar:

  • Når vi har panta, kan vi vippsa beløpet til 95 96 78 31(Mette Ekornrød). Det er heilt sikkert kjekt om vi sender bilde av pantelappen og. Deretter vil Emil føre det nøyaktig inn i rekneskapet sitt på data.
  • Vi kan også vippsa direkte til “en flaske er nok” (Vippsnr.: 626367). Då er det svært viktig at vi merker det med “Emil – Austrheim”. Viss vi gjer det på den måten, har ikkje Emil nødvendig tilgang slik at han får det med i loggføringa si.
  • Viss de ikkje har vipps, men vil støtta panteaksjonen, er eg sikker på at de kan gjera avtale med mormora, Liv Astrid Myhre, om overlevering av pantelappar eller tomgods så vil ho ordna resten slik at de er med og støttar den viktige saka.
Ordføraren har skrive støttebrev til aksjonen. Dei er òg blitt ein del av Team Rynkeby – God morgon Vestland.

Når Emil loggfører pantegåvene vil han også laga ein uformell og kjekk konkurranse mellom dei ulike bedriftene som støttar aksjonen. Dette trur han blir gøy, og han vil publisera stillinga både undervegs og til slutt.

I år går panteaksjonen frå 1.januar til 22.juni.

Emil har hatt kreft (fleire tumorar) sidan 2016. Han har vore gjennom 2 cellegiftprotokollar på til saman 2,5 år. No har Emil vore utan cellegift sidan april i fjor. Han er no i venteperiode mellom MR-kontrollar. Då uskedalen.no tok kontakt, kunne mora fortelja at dei no ventar spent på neste MR og kryssar alle fingrar. Dei veit tumorane ligg der, men dei har lege stabilt.
I og med den stabile kreftsituasjonen, prøver dei å gjera noko positivt; – å hjelpa andre.
Dei er takksame for at nettsida tar opp saka, og positive Emil seier: “Tusen takk, eg er glad eg kan vera med og hjelpa andre.”

Emil er lidenskapeleg Brannsupportar og blei i 2019 invitert til drømmedag på Brann stadion. Her ser vi han saman med dåverande Brann-trenar Lars Arne Nilsen. Han fekk og møta brannspelarane og leiaren i supporterklubben Roger Lillebøe Hansen, og mykje meir. Ein skikkeleg drømmedag!!
Her ser vi Emil på tribunen saman med søstera Astrid og mormor Liv Astrid Myhre og Trond Fossehaug.

Det blir spennande å følgja panteaksjonen dette halvåret. I fjor samla altså Emil inn fantastiske 106.000kr. Kan vi som bur i Kvinnherad hjelpa til eit endå betre resultat??

Mora, Mette Ekornrød, var kjend som ein ivrig og dyktig korpsmusikar då ho budde i Uskedalen. Ho trakterte både baryton, solohorn og flügelhorn i Uskedal skulemusikk, Uskedal musikklag og Rosendal musikklag. Dei seinare åra har det blitt lite tid til speling, men ho fortel at ho har kjøpt seg ein baryton. Det var og kjekt å sjå ho blant publikum då musikklaget spela julemusikk før jul.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Privat