Panteaksjonen til Emil har totalt resultetert i 170.000 til barnekreftforskning.

Vi har tidlegare skrive om panteaksjonen som Emil Ekornrød Sætre har hatt til inntekt for barnekreftforskning. Som ein del av innsamlinga har han hatt ein postkasse ved panteautomaten på Spar Uskedalen slik at dei som har panta der har kunna leggja pantelappar i den. Til saman har det resultert i flotte 17.000 kroner frå Spar-kundane til den gode saka.
I dag var Emil på Spar Uskedalen saman med mora Mette Ekornrød og mormora Liv Astrid Myhre. Han hadde med seg blom for å visa kor takksam han er for at så mange har bidrege til det gode tiltaket. Bildet over viser Emil med blomen, mormor Liv Astrid og Gunn Mari Moberg frå Spar Uskedalen.
Famillien vil seie tusen, tusen takk til alle som har støtta panteaksjonen. Totalt har innsamlinga til Emil gitt det fantastiske resultatet på 170.000 kroner.
Vi bøyer oss i støvet og takkar Emil for det flotte engasjementet og superjobben han har gjort for den gode og viktige saka!!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Mette Ekornrød