Uskedalen Elveforvaltning melder at elva opnar for fiske frå i dag, laurdag 14. august, kl. 18.00. Vassmengda i elva avgjer kor lenge opninga gjeld. Uskedalselva kan difor bli stengd på kort varsel. Det vert også informert om at det har vore dykkar i elva for registrering av pukkellaks. Ein pukkellaks er observert og teken ut. Styert bed alle melda frå dersom nokon ser pukkellaks.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto