Elins Matgleder - 58 julebrød laga og levert på laurdag.
Det har vore overveldande god respons på Elins Matgleder sine julebrød. På laurdag vart det baka og levert nær på 60 julebrød i tillegg til mykje anna god julebakst. Dei fleste julebrøda var tinga på førehand og kunne hentast på Vertshuset Perla. For få dette til, måtte Elin bruka natta til baking.
Elin Enes fortel til uskedalen,no at ho har eit godt utval i heimebakte julekjeks både i Roosendal og i Uskedalen. Det er alt frå sirupssnippar, sandnøtter, serinakaker, Anniebesto sine kokoskjeks, brune pinnar, sjokoladecookies, karamellkjeks, mandelfflarn, havreflarn, coctailkjeks, kransekakestenger til mandelmarengs, kokosmarengs og smørkransar.
Av konfekt har ho gule bomber, Sarah Bernhard, trippelkaramell og Sarah suksess. Ho legg opp til å få laga marsipan og karamellplettar også.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal