Elin Legland attvald som styreleiar i Uskedal Helselag. Nye tiltak på programmet.
På årsmøte i Uskedal Helselag i går vart Elin Legland attvald som styreleiar. Med seg i styret har ho: Karin Saghaug Kjerpeseth, Ann Kristin Olsen, Jofrid Eik, Bente Gundersen, Eva Reime Ljosnes. Varamedlemer er: Klara Bakke, Eli Roseth Eik og Randi Nybakk.

Årsmeldinga 2025 syner at det er høg aktivitet med mange gode tiltak. Eit bilete – ei forteljing er ein ny aktivitet på programmet. Menneske med demens og pårørande møtest i små og trygge grupper til samtale og felles aktivitetar. Målet er å skapa eit fellesskap for alle, der også pårørande kan vera med.
- Tema på melemsmøte i 2025 var bruk av framtidsfullmakt og språkutfordringar ved tre logopedar
- Basaren vart gjennomført etter oppsett plan. Berit Harriet Døssland kom med saum til bunadsskjorte – gåve
- Turen i september gjekk til Tjødnadalen i Odda. Dei 33 påmeldee var også innom Lotepus si “stavkyrkje”.
- Gågruppa, starta i 2010, held fram med sine faste tuar på tysdagen
- Det er pakka julegåver til Valen sjukehus, til alle frå Uskedalen som bur på institusjon, likeins til alle heimebuande over 90 år
- Uskedal Helselag er på Facebook med viktig informasjon og kunngjeringar
- Kvart år yter helselaget støtte til gode helserelarerte tiltak, som til Hjarte – og karforsking, Kreftforenigen og til Demensforsking. Gåvetildelinga held fram i 2026.
I tilleggg til dette kjem ei rekkje aktivitetar og arrangement. Lista vert presentert seinare ved innlegg på uskedalen.no.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland