Då uskedalen.no var nedom skulen i eit anna ærend i går, var det første vi blei møtt av to jenter i 7.klasse som var i arbeid med eit spennande og viktig prosjekt. Vi fekk vita at dei jobba med å laga ein film om temaet nettmobbing. Dei venta berre på at eit par gutar, som også skulle vera med på gruppa, skulle komma.
Like etterpå trefte vi på ei anna gruppe på fire elevar som sat samla over ein datamaskin. Det sat fullt konsentrerte og såg på filmen dei hadde laga. Det er den gruppa vi ser på bildet over: Martine Myklebust(f.v.), Håvard Myklebust, Leif Framnes – Thoresen og Trym Sæle.

Vi fekk vita at temaet nettmobbing var ein del av samfunnsfagsundervisninga deira. Dei hadde først hatt litt teori, og deretter skulle dei ha gruppearbeid. Det var 3 grupper i klassen, og kvar gruppe skulle laga ein presentasjon som mellom anna skulle innehalda ein quiz og ein video. Elevane vi snakka med, var einige om at det var eit svært viktig og aktuelt tema. Dei gav uttrykk for at det var kjekt å jobba med dette gruppearbeidet. Det var samfunnsfaglæraren deira Odd Steinar Arnesen som leia elevane i arbeidet.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland