
Elevane frå tre ulike klassar fekk møta Bjørgulv Eik, eit tidsvitne frå aprildagane 1940.
34 elevar frå tre ulike klassar fekk i dag ei oppleving dei vil hugsa lenge. Etter ei felles markering ved krigsminnesmerke vart elevane i to grupper tekne med på ei historisk reise med gripande forteljing frå aprildagane 1940, frå det å leva i krigsåra og frå fredsfeiringa 7. og 8. mai 1945. Tidsvitne Bjørgulv Eik, nær på 93 år, møtte elevane i to grupper der det også var høve til å stilla spøsmål.

Ute ved bautane fekk elevane kunnskap om bakgrunnen for minnesmerke, om namna på steinen, om dei to sjøfolka som omkom i krigsåra. To elevar stod med flagg og tre elevar la på roser.

Bjørgulv Eik var 7 år då Tyskland hærtok landet. Han minnest godt dagane i april då dei måtte dekning i ein kjellar i nabohuset. Han hadde ein sykkel ståande ved vegen. Tyske soldatar stakk hol i hjula med bajonet. Bjørgulv hadde med rasjoneringskort, synte og fortalde om korleis dei vart brukte for mellom anna å få tilgang til mat, sko, klede og såpa.

Fredsdagane i Uskedalen tok til alt 7. mai. Då var det samling ved Helgheim og folketog til Feet og Sjøhaugen. Dagen etter, 8. mai, var det ny samling med talar, song og musikk.
8. mai for elevane på Uskedal skule vart på alle måtar ei verdig og minnerik stund. Takk til skulen som sette av tid og var med på markeringa.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Anja/ Kristian