Eldrefestivalen i Kvinnherad er opna. Fire Rustne Menn fekk oppdraget med musikkinnslag, taffelmusikk, minikåseri og høvande dansemusikk. Tittelen på opningsmarkeringa var Sild og poteta, ikkje lubbesild eller røykjesild, men sildefiletar levert av sjølvaste Sildakongen på Karmøy. Eit 50 tals menneske frå ulike bygder kosa seg i strandkanten.

Programmet vidare ser slik ut:

  • 11. juni: Grillfest på Halsnøytunet
  • 12. juni: Konsert på Husnestunet med Johanne Ø. Tvedten og Kari Eide
  • 12. juni: Omvisning på Hydro Husnes ( fullteikna )
  • 12. juni: Sommarfest – musikk og dans i Kulturhuset Husnes
  • 14. juni: Båttur med Rygerkatt. Tur frå Sunde.
Minikåseri om sild og poteta. Svein Rimestad kompar på Hartvig Kiran si vise: Ei sild og ei til.

Meir informasjon om påmelding finn du på Kvinnherad kommune si heimeside, hos Friskus og i brosjyren om Opne Hus. Påmeldingstelefon: 404 09 290 i tida kl. 10 – 14 på kvardagar. Det meste er gratis. Eigenandel på båtturen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat