Vellukka tiltak frå historielaget.

I dag var første dagen der Uskedal Historielag stilte med eldre bilde frå arkivet for at gjestene på Kafè Tiaren skulle få sjå dei. Astrid E. Haugland og Thor Inge Døssland frå skriftstyret hadde med seg to av dei mange permane i arkivet. Idèen til dette tilbodet fekk laget frå ein utflytta uskedeling. Dette tilbodet blir no første tirsdag i kvar månad på Kafè Tiaren.

Arnhild Myklebust og Martha Bakke studerer bilda med stor interesse.

Ein stor del av kafègjestene nytta høvet til å sjå dei gamle bilda. Både landskap, personar og anna blei studert. Praten rundt bilda gjekk godt, og det var kjekt å registrera aukande interesse etter kvart som dei kom til nye bilde. Neste gong vil historielaget ha med eit par nye permar i tillegg til dei som blei vist fram i dag.

Kjekt var det også at stunda inspirerte fleire til å leita gjennom bilde heime for å låna til laget for skanning. Veldig flott var det at Anne Karin Fonneland frå Sunde kom innom Tiaren med bilde frå Skorpo. Eit eksempel til etterfølgjing!! For at komande bøker skal bli vellukka, er skriftstyret avhengig av å få inn fleire bilde.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland