Budsjettvedtak gjer at kostnaden med ny brannvernstruktur er styrka med 10 millionar kroner. Frå før ligg det inne 9,5 mill. kr. Administrasjonen er pålagd å koma tilbake med sak og prioritert liste til nye brannstasjonar. Løyvinga skal brukast på desse bygdene: Uskedalen , Varaldsøy og Åkra. Fjelberg er på vent inntil ein veit kva det vert med brusamband. Den totale løyvinga strekk likevel ikkje til, men det er viktig med oppstart. Det er enno ikkje avklart om det vert ny stasjon i Uskedalen eller om det vert ei oppgradering av eksisterande anlegg. Plassering på Børneset, Rød eller i sentrum har vore nemnd.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal