Det var eit vakkert syn laurdag for to veker sidan. Eit notlag gjekk sakte langs landet på søk etter brisling eller makrell. Notlaget med fire farty gleid innom Beinavikjo og vi kom i hug diktet Det er den draumen av Olav H. Hauge frå diktsamlinga Dråpar i austavind ( 1966 ). Dei siste to verselinene lyder slik. Sitat: At me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst om.

Uskedalen. no kontakta Ragnar Vågen i Åkra som veit det meste om farty, fiske og kystkulturen. Han fortel at dette er eit notlag der dei ulike fartya fungerer slik:

  • Båt nr. 1: Snurpar – moderfartyet med not og utstyr
  • Båt nr. 2: Loddebåt
  • Båt nr. 3: Lysbåt – kan tyda på at ein leitar etter brisling eller makrell
  • Båt nr. 4: Lettbåt som slepar mærdane til lands

Vi kjenner ikkje kven som driv dette notlaget. Takksam om nokon har svaret.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal