Eit solid styre i Uskedal helselag.
Uskedal helselag hadde årsmøte i Gamleskulen i går kveld. tysdag 7. februar. Helselaget har ein sterk posisjon i bygda med møte, aktivitetar og støtte til gode helsefremjanade tiltak. Fleire gonger i året er dei på Rosendalstunet med mat og innslag på Syng med oss. Til jul har dei juleblom til alle med ein alder over 90 år i Uskedalen. I tillegg kjem julehelsing til alle frå Uskedalen som er beburarar på aldersheimane i kommunen. Helselaget pakkar og sender julegåver til Valen sjukehus. I forkant av årsmøte vart årsmeldinga sendt ut digitalt til alle medlemene på felles e-postliste. Les meir om styret og korleis verva er fordelte:
- Eli Roseth Eik: Leiar – ikkje på val. Er vald for eit år til.
- Karin Saghaug: Nestleiar
- Jofrid Eik: Skrivar
- Anette Sund: Kasserar
- Randi Nybakk: Styremedlem
- Klara Bakke: Varamedlem
- Astrid Haugse: Varamedlem
Alle verva går over to år.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal helselag