- Eit godt og viktig supplement til turgåing og sykling.
– Eg merkar at det gjer godt så eg håpar at det kjem fleire etterkvart, sa Stuart Mackay over ein kaffikopp mellom øktene under første samlinga i den nye seniortrimmen i dag før han la til, og så er det så kjekt å møtast i ein sånn sosial og uformell setting.
– Eg både syklar og går mykje på tur, men eg merkar at dette gjer godt. Eg kjenner at eg får brukt andre musklar, supplerte Konstanse Tveit.
Alle som deltok på det nye trimtiltaket, opplevde det som positivt. Fleire hadde tenkt på å nytta seg av dei flotte treningsapparata, men dei trong dette puffet for å komma i gang. Opplegget er slik at kvar enkelt styrer seg sjølv og rullerer mellom dei apparata som ein ønskjer. Intensitet og mengde styrer ein sjølv, og innimellom er det plass til både god drøs og litt kaffi.
Neste fellesøkt blir onsdag 1.september kl.10, men fleire antyda at dei ville stikka innom for ei økt før det. Neste gong håpar vi at det er nokre nye ansikt som dukkar opp.
Elles har vi eit godt tips! Viss de går tur forbi området, enten i gruppe eller åleine, anbefaler vi å prøva nokre av apparata. Det gjer så godt!!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland