Eit bokslepp litt utanom det vanlege. Ikkje nok med at det var henting og kjøp av bok og at skriftstyret informerte om aktiviteten. Stor stas var det då Uskedal Musikklag og bandet Rustne Menn “fyrte laust” med rock, pop og fengjande marsjar. Stemninga steig i salen. Prikken over i en var det då gilde damer frå kjøkken steig fram med rykande fersk kaffi og nysteikte lappar. Takk til Jofrid Eik, Astrid Haugland og Åse Neset Myklebust.

Eit utvida skiftstyre. F.v: Ståle Eik, Svein Rimestad, Astrid Haugland, Harald Sætre og Thor Inge Døssland. Torkel Stensletten, bur ved Oslo, var ikkje med då bilete vart teke i dag.




Interessa for boksleppet var framifrå, mykje folk og med pressa på plass. Mange kom, jamvel frå andre bygder, for å sikra seg bok, nr. 2 i rekkja av sogebøker frå Uskedalen med fokus på den nære fotida. Men, ikkje ver uroleg om du ikkje kom i Helgheim i dag. Alt komande fredag og laurdag vert det sal og henting av bøker på SPAR. Boka vert ogå lagt ut for sal i bokhandelen i Rosendal og på Husnes.

Det var til tider kø ved bordet for henting og kjøp av bøker.

Skriftstyret vil, som i fjor, vera med på Jul i Rosnedal og truleg på bokmesse på Storsenteret på Husnes. Styret og skriftstyret takkar alle som kom på boksleppet i dag. Takk til aktørane og ikkje minst til kjøkkengjengen.

Alt skrivearbeid og korrekturlesing er gjort som frivillig innsats. Formgjeving: Salikat design v/ Åslaug Snilstveit. Trykk: LOS digital AS. Opplag: 600 eks.

Uskedal Musikklag framførte nytt stoff i dag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Hus/ Kristian Bringedal