Vokalensemblet GLIMRAH og trioen Maskros inviterte til underhaldning i Helgheim 20. august kl. 18.00. Det vart ein sjangermessig variert kveld, der me i tillegg til musikk og song vart møtte i døra med kaffi/te og kaker. I pausen vart det påfyll, samt utlodding av ulike vinstar – mange av dei produserte av GLIMRAH-medlemer (ein vesentleg del av dei av Lene
Bernhardsen Taranger). GLIMRAH (Maria Malmsten (musikalsk leiar), Hallgjerd Kofoed Hegland, Sylvi Hjelmeland, Ingvid Toskedal, Lena Frimannslund Storegjerde, Lene Bernhardsen Taranger og Gjertrud
Sydnes Furdal) opna med svenske ″Visa vid midsommarstid″ – vellåt og godstemning. ″Is- soleia″ av Olav H. Hauge vart fyrst deklamert, deretter sungen. Så fekk me ″Thus Sings My Dearest Jewel″ – ein kjærleikssong frå godt farne tider. ″Jeg lagde mig saa sildig″ – kjend folkevise frå Våga, arrangert av Knut Nystedt – var kan henda det harmonisk mest
krevjande stykket denne kvelden, men dei leverte songen med bravur. ″Java Jive″, amerikansk barbershop, vart elegant framført med innlagte kaffirekvisittar og nytingssukk.

Maskros på scenen i Helgheim.


Før Maskros si fyrste avdeling song Maria ″Vals till den vackra Katarina″. Dette er ein song – ordlaust tralla – som ho sjølv har komponert til ein danseglad slektning. Mannskapet i Maskros – Ida Wahl (vokal), Frida Tømmerberg (vokal og fele) og Tiril Einarsdotter (vokal, fele, hardingfele) – møtte einannan under musikkutdanninga i Stavanger, og gjennom ei fellesoppgåve der skjøna dei at dei hadde mykje ugjort saman. Dette har dei teke konsekvensen av. Dei har no fått laga og/eller arrangert så mykje stoff at dei har byrja å turnera med det. Dette er fyrste gongen dei opptrer i Uskedalen.


Dei byrja fyrste avdelinga si med den kjende ″Det er den draumen″ av Olav H. Hauge, tonesett og arrangert av dei sjølve. Vakker song, og feleakkompagnementet smaug seg fint med. Ein fint arrangert og tonesett song som ga meirsmak. Så fylgde ″Å, den som var en løvetann″ (Prøysen/Cranner). Det ostinataktige pizzicatoakkompagnementet var artig. Tiril vedgjekk i etterkant at ho er svak for pizzicato, og forklarte at det truleg må vera arveleg, sidan far hennar er gitarist. ″Heyr himna smiður″ er ein islandsk song omsett til nynorsk av Ida Wahl. ″Nu rinner solen op av østerlide″ vart sunge og spela til ein folketone frå Telemark.


Sidan neste nummer, ″Tirilvalsen″, var i same toneart, men i anna tempo, stemning og takt, let dei salmen gå direkte over i valsen på eit vis som gjorde at ein (iallfall eg) i byrjinga lurte på om det var ein instrumental variasjon av salmen. ″En dram″, ei lystig drikkevise gjekk à capella.


Før pausen song GIMRAH saman med Maskros (à capella) ″Folkestadvisa″, ei skillingsvise, melodi frå Austlandet, arrangert av Ida Wahl.
I pausen gjekk praten livleg, det var nok kaker og kaffi att, og vinstane ville mest ingen ende ta.


Hallgjerd Kofoed Hegland starta andre avdeling med ″Bøn til Maria Møy″, omsett frå svensk og tonesett av Maria Malmsten. Framført solo og à capella. – Ein fin song, godt framført, og med innleving. GLIMRAH heldt så fram med ″Stille ønske″ (tekst Arne Paasche Aasen, musikk Kjersti
Follesø) før dei avslutta med ″Ah, Look Upon these Eyes″ (musikk Palestrina, oms. frå ital. av Henry Coates).

Maskros fortsette så, med ″Jeg tenker så titt″, eit slåttestev, fylgt av ″Ack Värmland du sköna″, ein svensk folkemelodi med tekst av Anders Fryxell. Deretter serverte dei ″Rosa″, ei skillingsvise med melodi etter Tone Juve, for så å avslutta med ″Manic Pixie Dream Girl″, ein tittel dei hadde laga etter å ha tonesett og arrangert eit dikt av Edit Södergran. Maskros og GLIMRAH avslutta så kvelden med ″Sommarpsalm″ av Waldemar Åhlen og Carl
David af Wirsén – arrangert for både song og felespel.


GLIMRAH kjenner me frå før som eit ensemble som syng svært ulike sjangrar, og med eit tidsspenn heilt frå renessansen fram til no. Dei leverte varene i kjend stil, med songglede, musikalitet og balanse. Eg har til no ikkje klart å ta dei korkje i å gå i stå eller å produsera ureine tonar. Det er alltid ei glede å høyra på dei.


Maskros (det svenske ordet for løvetann) var ei spanande oppleving. Dei arrangerer alt sjølve, og ein god del av stoffet har dei også laga sjølv. Programmet deira var svært variert. Dei har ein svært dyktig songar i Ida, som har ei stø røyst som ber godt, og ho syng frå seg til oss. Ho er heime både i tradisjonsmusikken og i ″vanleg″ song, og framfører med
autoritet. Tiril og Frida spelar godt, og på mange av stykka fekk eg frysningar av harmoniseringane deira. Det er ikkje alltid godt å veta kva for ein tone som kjem frå kven si fele, og då er me inne på timing og samspel. Eg trur dei kan koma langt dersom dei held fram med same humøret og spelegleda som dei syner no.

Tekst: Svein Rimestad
Foto: Lars Henrik Skogtun
Nett: Kristian Bringedal