Personalgruppa på Uskedal skule er fornya med ein assistent og tre lærarar. Det er totalt 18 tilsette på skulen. Av desse er det 11 lærarar, 5 fagarbeidarar, ein reinheldar i tillegg til rektor. Ved oppstart av nytt skuleår er elevtalet 87. Det er ein nedgang frå året før. Bilete syner nytilsette ved Uskedal skule. F.v: Rose Rosenbäck Nesse, Bente Gundersen, Anita Miljeteig og Monica Nessestrand.

Dei nytilsette på Uskedal skule er:

  • Rose Rosenbäck Nesse frå Husnes. Rose skal vera assistent i 7. klasse.
  • Bente Gundersen. Bente skal vera kontaktlærar i 1. klasse med 10 elevar. Bente kjem frå Spesialpedagogisk team i kommunen, ei teneste som sorterer under verksemda Familie – barn. Bente Gundersen er frå Uskedalen.
  • Anita Miljeteig frå Uskedalen skal vera kontaktlærar i 3. klasse med 14 elevar. Anita har ei fem årig utdanning frå Høgskulen i Bergen, master og bachelor med fordjuping i barne- og ungdomslitteratur i tillegg til pedagogikk. Ho har ei formell utdanning som lektor.
  • Monica Nessestrand frå Husnes skal vera kontaktlærar i 2. klasse med 11 elevar. Monica kjem frå Husnes og er adjunkt av utdanning.

Elevar, foreldre og personalgruppa ynskjer dei nytilsette velkomne til teneste ved Uskedal skule.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal