Ein jubelkveld for Uskedal ungdomslag med fleire gåvetildelingar.
Sparebank 1 Stiftinga altså – kva skulle små lag som Uskedal Ungdomslag gjort utan støtta vi har fått opp gjennom åra? I kveld har vi vore på kjekk utdeling av vårens gåver – og fekk trimma oss opp og ned på scena.Til Helgheim fekk vi: Kr.10.000,- til PC og kr. 15.000,- til verktøy. Til Fjelly fekk vi kr. 25.000,- til oppgradering av naust og kr. 20.000,- til div. oppgradering av hytta.Vi er strålande nøgde med kvelden.Tusen takk til Sparebank1 Stiftinga som nok eingong stiller opp for oss. Meir frå gåvetildelinga kjem i morgon. Då kan vi lesa om Friluftslaget, klatregruppa og idrettslaget som også vart tildelt gåver.
Tekst: Anita Enæs Foto/nett: Kristian Bringedal