Ein halv million i gåve frå Sparebanken Vest til tre prosjekt i Uskedalen.
I høve Sparebanken Vest sitt 200 årsjubileum vert det med bakgrunn i søknad løyvd midlar til gode tiltak innan kultur og idrett. Av totalt 2,640 mill. kr til lag og organisasjonar i Kvinnherad går kr. 510.000,- til tre prosjekt i Uskedalen. Uskedal idrettslag er tildelt gåve til Rullepark for alle ( kr. 200.000,- ) og Oppgradering av klatrevegg ( kr. 50.000,- ). Festidalen er løyvd kr. 260.000,- til årets festival. Uskedal Friluftslag sin søknad Vegsikring, parkering og asfaltering nådde ikkje opp denne gongen. Ny søknadsrunde er alt til hausten.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Uskedal Idrettslag / Marius Mathisen