Mange fornøgde gåvemottakarar tirsdag kveld.

Tirsdag kveld hadde Sparebankstinginga Kvinnherad vårtildelinga av gåver til frivillige lag og organisasjonar. Til saman 84 lag fordelt på 6 grupper mottok heile 11 millionar kroner til gode tiltak. Dermed passerte stiftinga 150 millionar i gåver etter oppstarten i 2011.
Uskedal Ungdomslag var blant dei som kunne jubla ekstra høgt. Dei mottok heile 500.000 kr til vidare oppgradering av ungdomshuset Helgheim. Dermed kan laget fortsetja den gode utbetringa av huset takka vera Sparebankstiftinga og god arbeid frå styret. Stiftinga har gjennom åra bidrege svært mykje til at huset framstår i den gode stand som det har i dag. Etter det vi kjenner til, er det no m.a. utskifting av bordkledning som står for tur. På bildet ser vi Anita Enæs og Hildegunn Klette Hansen ta mot den store gåva frå styreleiaren i Sparebankstiftinga Jan Magnus Aasen.

Bjarne Lilleaas har god grunn til å smila etter å ha mottatt 245.000 til tur-/turismeprosjektet som seniorgrupp/Uskedal Utvikling står bak.
Like smilande og fornøgde Gunn Mari Moberg i Uskedal Utvikling fekk pengar til nye dører i Gamleskulen overrekt av Jan Magnus Aasen.
Knut Steinsletten var tydeleg fornøgd med at musikklaget fekk gåve på søknadsummen, 28.000, overrekt av Gunnar Våge.
Nestleiar i styret for stiftinga, Magnhild Haugland, delte m.a. ut gåve til idrettslaget ved Per Korsvold.
Per Korsvold var så heldig at han måtte fleire turar på scenen. Torill Lyngnes overrekkjer gåva.

Men det var fleire gode og kjærkomne gåver til Uskedalslag. Den neststørste på 245.000 fekk Uskedal Utvikling/Seniorgruppa (Dugnadsgruppa) som mottok dette til tilrettelegging for turgåarar med m.a. parkeringsplass og toalettanlegg. Uskedal Utvikling mottok også gåve til nye dører i Gamleskulen. Elles var Per Korsvold i Uskedal Idrettslag fleire turar opp på scenen og mottok kjærkomne gåver. Den største gjekk til oppgradering av klatreveggen. Musikklaget fekk denne gongen gåve til transportabelt høgtalaranlegg som skal brukast på utearrangement som m.a. julegrantenninga og elles når dei er på rundturar med musikk- og songprogram.
Røysterett for Alle fekk gåve saman med Husnes Blandakor til utvida julekonsert som skal framførast i Valen Kyrkje og Kvinnherad Kyrkje.

Jarle Fossheim og Arne Myklebust mottok 75.000 på vegne av Røysterett for Alle/Husnes Blandakor til julekonsertar i Rosendal og på Valen.

I tillegg til dette var det ein del lag der uskedelingar er involvert som mottok gåver. Som vanleg var Rosendal Turnlag ein del turar på scenen. Lars Wang stilte saman med Tor Arne Nygård og tok mot gåve til veteranbussane, Frode Sæbø var saman med Lars Jostein Rørvik og tok mot gåve til Kvinnherad Sogelag til digitalisering og arkivering av eldre bilde, og Inger Naterstad var blant dei som tok mot gåve til arbeidet i Kvinnherad Husflidlag. Skulle nokon vera gløymt her, så vil uskedalen.no komma med komplett liste over gåvemottakarar og summar når vi får tilsendt lista.

Frode Sæbø mottok saman med Lars Jostein Rørvik 88.000 kr for Kvinnherad Sogelag til utstyr til digitalisering av gamle bilde. Gåveoverekkar var Hildegunn Eiane Årthun.
Lars Wang var saman med Tor Arne Nygård og mottok gåve til Veteranbussane HSD. Gåveoverrekkjar var Gunnar Våge.

I tillegg til gåveutdelinga var det nydeleg tapas og kaker frå det gode kjøkkenet på kulturhuset. Midt i programmet var det også eit vakkert song- og musikkinnslag av Gunn Gravdal Elton (song) og Magnhild Salvesen (piano). Dei framførte først ein song frå musikkspelet Samson, om den siste bøddelen i Hardanger, som er under arbeid, før ho utfordra styreleiar i stiftinga Jan Magnus Aasen, tidlegare Sahara Band frå Ølve, til å komma på scenen og framføra Beatles-klassikaren “Let it be”. Eit topp innslag!! Heilt til slutt blei kvelden oppsummert som den beste i Norge, på velkjent vis av stuntpoet Arne Torget.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland