Rustne Menn, Uskedal helselag og Uskedal musikklag har vore sentrale aktørar i å gjennomføra ein dag med musikk, song og rytme, alt til beste for ei god eldrehelse. Det heile starta med Allsong på Kafe Tiaren. Seinare på dagen var det samling på Rosendalstunet med Syng med oss. Helselaget hadde ansvaret for heimebakst og servering. Veteranbandet har eit repetoar med soloinnslag og allsongar som gjer seg godt på eldrefestar og institusjonsbesøk. Musikklaget er på nytt tinga til Rosendalstunet tysdag 18. juni. Rustne Menn er tildelt datoen 9. april i Rosendal og 13, mars på Halsnøytunet. Frammøte på begge plassane var svært bra, faktisk meir enn forventa. NB: Bilete av musikklaget på topp er frå konserten deira på Husnestunet. Det vart diverre ikkje teke bilete av bandet i dag. Difor brukar vi eit arkivfoto.

Syng med oss på Rosendalstunet samlar alltid mykje folk, av beburarar, pårørande og frivillige.
Rustne Menn er på plass på Rosendalstunet tysdag 9. april og på Halsnøytunet 13.mars.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto/Kristian Bringedal