Eik Gard i utvikling og vekst med nyplanting og nye produkt.
Eik Gard er i utvikling og vekst med nyplanting og nye produkt innan eplemost og honning. Innehavar er Siv Monica Gustavsen. Ho pendlar mellom Kristiansand og Uskedalen. I periodane ho ikkje er i Uskedalen, hjelper mor hennar, Liv Torunn, til med drifta. Skiltet med fylkesvegen syner veg fram til fruktgarden på Eik. Her finn du utsal i det ho kallar vippsebu med bankterminal. Elles er det sal gjennom Rekoringen og på messer. Eik Gard har alltid stand og sal på Jul i Rosendal.
Uskedalen.no kjem til gards og vert invitert på smaking av eplemost, tilsaman fire ulike sortar. Etter haustinga tok Siv Monica epla med til Herefoss i Aust-Agder for pressing og tapping på flasker. Etikettar med logo lagar ho sjølv. Ho sel lite av det som vert definert som friskkonsum.
All eplemost frå Eik held god kvalitet og fylding smak. Det er vanleg eplemost, fermitert eplemost med humle tilsett, eplemost med ingefær og til slutt eplemost laga av eplesorten Rosette. Den siste med litt raudfarge. Fermitert tyder at epla er pressa under trykk i eit lukka system. Nokre av sortane er å få på 3 liter BIB, bag and box.
Siv Monica har på kort tid tileigna seg store kunnskapar om fruktdyrking. Rett nok kan ho syna til familietradisjonane på gardsbruket på Eik. Bestemor og bestefar hennar dreiv med frukt, men framom alt anna framhevar ho onkel sin, Magne Eik. Han er rettleiaren hennar. Er det noko ho lurer på, har han alltid gode svar og hjelper til.
På sikt vil Siv Monica auka produksjonen. Nyplanta tre, kjøpt i Belgia og Nederland, vil gje avling om 2 – 3 år. Ho treng tid for å få alt på plass slik ho ynskjer det.Til slutt i dette innlegget må vi nemna eigenprodusert honning, både lynghonning og sommarhonning. Ho leverer honning til Honningsentralen.
Kontakttelefon: 902 08 681 eller 412 68 622
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Eik Gard / Kristian Bringedal