Ei fleirtal i Kommunestyret vil ha eigedomsskatt på båthamner. Satsen vart sett til 1,7 promille, det same som det er for naust på eigen grunn. Det er usemje om lovlegheten i vedtaket og Framstegspartiet vil fylgja opp saka fram mot ei oppheving. Grunngjevinga til Frp er at det manglar lovheimel i lovverket. I saka om eigedomsskatt var innstillinga frå Kommunedirektøren at båtlag skulle få delvis fritak når det gjeld klubbhus eller tilsvarande bygg. Andre bygg og tomter knytt til drifta kan skattleggjast som kommersielle småtbåthamner. Siste ordet er med andre ord ikkje sagt i denne saka.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø