Jarleiv Eikeland frå Valo, seinare busett i Uskedalen, arbeidde som
maskinkøyrar i entreprenørfirmaet G. Røsseland AS i 25 år, med både
Gunnaren og Håkon som sjefar. Det angrar han ikkje på. I ei ny bok som er komen ut i desse dagar, ser 78-åringen tilbake på åra i firmaet som ei fin tid i livet sitt. Han gløymer til dømes ikkje då Gunnaren kom på inspeksjon til Ulla-Førre-anlegga i Ryfylke, og hadde med seg konvoluttar med litt ekstra pengar i til arbeidarane sine. – Hadde du gjort ein god jobb, visste han ofte å belønna oss på den måten. Gunnaren var ein kjempebra mann, som alle likte, fortel Jarleiv frå go’stolen heime på Eik. Bilete syner framsida av boka med Gunnar Røsseland og sonen Håkon.

Eit eige kapittel handlar om Jarleiv Eikeland – maskinkøyrar i G. Røsseland i 25 år.

Etablerte firma i 1952

Røsseland Bulldoserdrift og Entreprenørforretning vart etablert i 1952. Verksemda sette djupe spor etter seg både i Kvinnherad og i andre lokalsamfunn. Bak firmaet stod Gunnar Røsseland (1912–1981). I den nye boka Samfunnsbyggjarane får vi lesa om han som var med og bygde Husnes og dei som dreiv livsverket vidare gjennom oppturar og nedturar, fram til konkursen i 2016. Vi får ei biografisk oversikt over livet til Gunnaren, etableringa av verksemda, omsuten for samfunnet som førte han inn i politikken og glimt frå industrireisinga på Husnes, Svalbard og andre stader.

Tilsette fortel

Familien, som alle har vore involverte i drifta, ser i boka attende på det dei har vore med på. Det same gjer nokre tidlegare tilsette, mellom andre Jarleiv Eikeland frå Uskedalen, og andre nærståande. Dette dannar eit viktig dokument i lokalhistoria og syner ein eineståande og driftig mann, ei solid gründerverksemd i eit samfunn i vekst og minnene til dei som seinare var med på reisa.

Bulldosaren frå Olsen Motorsamling til høgre i bilete er identisk med den fyrste Røsseland kjøpte i 1952.


Vi trur både unge og eldre vil ha stor glede av å lesa boka om Gunnaren og etterkomarane hans. Dei stod for verdiar som aldri går ut på dato.


Samfunnsbyggjarane er òg eit viktig dokument i Husnes si historie og
utvikling. Husnes og Kvinnherad-samfunnet generelt gjekk gjennom store
endringar på denne tida, og Røsseland-namnet er ein viktig del av historia.
Gunnaren var ein bauta i seg sjølv, og dei som kom etter han sette òg varige
spor etter seg på sin måte.

Røsseland-namnet er bokstaveleg tala hogge i stein og vil for alltid bli ståande som eit minne om eit ukueleg pågangsmot og optimisme, skaparevne og tru på framtida i to generasjonar, skriv forfattaren i føreordet til boka.

Samfunnsbyggjarane er trykt i 800 eksemplar og er til sals i fleire butikkar i Kvinnherad, mellom andre SPAR-butikken i Uskedalen og på nettsida www.skimtvis.no. Boka er på 208 sider og er rikt illustrert med mange historiske bilde. Kristian Hus er utgjevar gjennom forlaget Skimtvis, medan Multipleks design har stått for den grafiske utforminga. Dette er den 6. boka far og son Hus samarbeider om.

Meir om boka Samfunnsbyggjarane og relasjonar til Uskedalen kjem i eige innlegg.

Tekst/foto: Presemelding
Nett: Kristian Bringedal