Eide Trefelling og Service tek oppdrag i Uskedalen.
Eide Trefelling og Service ved Kenneth Fjelland Eide er klar for fleire oppdrag i Uskedalen. Nyleg var dei i hagen til Liv Astrid Myhre og fjerna 3 stk. store thujaer som var for dominerande i hagen hennar. Dei tok sol. Dessutan stod dei nære linjer og hus. Med rett utstyr var jobben og ryddinga utført på kort tid. Eide Trefelling og Service AS har tidlegare vore på fleire trefellings oppdrag i Uskedalen, både for bedrifter og for private kundar. Dersom du har trong for å fjerna tre og buskar, ta kontakt på 91 33 81 95 / eidetrefelling@gmail.com så kjem dei på synfaring for å gje eit uforpliktande tilbod.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Eide Trefelling og Service